Det er fredag ettermiddag, og Ronny Pøbel med band sitt i kø i påsketrafikken ut fra Oslo. Sånn kan det gå, tenker eg. Etter å ha daffa rundt i ein time og pusla med mitt. Det er ikkje så lett å forstå for alle, særleg ikkje for musikarar, at det tar litt ekstra tid på E6 nordover fra Oslo på ein fredag ettermiddag, så eg har enno til gode å møte eit band som klarar å rekke ankomsttida som er satt på huset. Så når dei da dukkar opp halvannan time for seint, går det fort i svingane. Utstyret er inne på under ti minuttar, etter tre koppar kaffe og eit kvarter til er lillescena ferdig rigga, og vi er ferdige på rekordtid. Det lovar altså bra, så lenge ein orkar ein liten joggetur til Kiwi for å handle og klarar å sjonglere alle ballane i lufta på ein gang.
Det går nok fint i dag og, da er det berre å vente på at du kjem innom for ein punkaften med quiz & konsert-kveld på Hydranten!
No comments:
Post a Comment