Saturday, March 27, 2010

Påskeferie...

Vi tek oss ein velfortjent påskeferie på huset. Alle våre fantastiske frivillige har stått på som aldri før gjennom resten av vinteren og den spede starten på våren, så no unner vi oss ein liten pause. Det betyr jo altså at Hydranten er stengt fram til 6. april, sidan dei fleste av oss reiser vekk på ferie.

Men desto kjekkare skal det bli å komme tilbake! Tirsdag 6. april smeller vi avgårde etter å ha lada batteria på klisterføre eller i sofaen, med Afterpåske! Du trudde du var lei påska? Vi tek ein hyggelig avskjed med den, vi! Det blir ein rolig kveld der ein kan møtast igjen etter ferien og snakke om alt som har skjedd (eller ikkje skjedd?), og så ordnar vi litt påskeaktivitetar for dei som har lyst å vere med på det. Det blir påskenøtter og turnering i kortspelet idiot. Vi skal altså både kåre vinnarane av ein runde med påskenøtter og den største idioten, og som alltid har vi jo premiar, gratis inngang, snille prisar i baren og heile pakka.


God påske!

No comments:

Post a Comment